VIP Makker og VIP psykisk helse

Informasjon om VIP Makkerskap og VIP psykisk helse:

VIP Makkerskap

 

VIP Makkerskap er eit tiltak for et godt læringsmiljø og ein trygg og forutsigbar skolestart. 

Programmet inneber at kontaktlærar deler klassen i makkerpar og makkergrupper frå første skoledag. Makkerpar og makkergrupper har bestemte oppgaver knytt til kvarandre.  Inndelinga blir også brukt ved fagleg samarbeid.

Etter tre veker blir makkere og makkergrupper bytta.  Ordninga rullerar gjennom heile skoleåret. 

Du finn meir informasjon her: https://vestreviken.no/vip-psykisk-helse-i-skolen/vip-makkerskap

 

VIP Psykisk helse

 

Skoleprogrammet VIP Psykisk helse gjeld veiledning og informasjon om psykisk helse i skulen. Programmet er eigd av Vestre Viken helseforetak og blir finansiert av Helsedirektoratet.

Målgruppe er primært vg1-klassar.  Opplegget er eit dialogbasert undervisningsopplegg på totalt ca 5 timar.

Skulen har eit eige VIP-team som er samansett av faglærarar helse- og oppvekstfag, ungdomslos og medarbeidarar frå psykisk helse i Ål kommune, som gjennomfører undervisningsopplegget saman med kontaktlærar i kvar vg1-klasse.

Du finn meir informasjon her: https://vestreviken.no/skoleprogrammet-vip/om-skoleprogrammet-vip