RISIKOVURDERING

Skulen har fått fleire spørsmål frå føresette om vurderingar ift skulestart og risikovurderingar når det gjeld nedbør og rasfare.

Vi viser til informasjon frå Ål kommune 15.08.23:

"Ål kommune sender info om vurdering av skredfare 15. august

Politiet har, etter ei vurdering av at faren for nye ras er liten, bestemt at det ikkje er aktuelt for ny evakuering i Ål kommune. Vurderingane er gjort saman med NVE, geolog og Ål kommune. I dag er det meldt normal mengde nedbør og det er normal mengde vatn i bekkane i lia.

Dersom ein oppdagar nye skred, ber vi om at det meldast til politiet på 112. SMS Sendt 15.08.Kl 13:30"