Elev- og foreldresamtaler for VG1

Tysdag 3. og onsdag 4. desember kl. 18:00 - 21:30 blir det elev- og foreldresamtaler for Vg1. 
 

Ramma for foreldresamtalene er mellom kl. 18:00 og 21:30. De vil, når vi har fått beskjed om kor mange som ønsker samtale, bli sett opp på ei fast møtetid med kontaktlærar. Denne oversikta vil de få i slutten av neste veke. 
I tillegg til samtale med kontaktlærar, oppfordrar vi til å prate med faglærarar om korleis det går i dei ulike faga.

Foreldra til elevar i 1STA, 1STB og 1STC vil få ein generell informasjon om val av programfag kl 19.00 i KANTINA.
Rådgjevarane vil også gjerne snakke med foreldre som har elevar som har planar om å reise til utlandet etter Vg1. Dette vert rett etter info om programfag og gjeld elevar frå studieførebuande programområde  (ST og ID).

Vi serverer kaffi/te og pepperkaker i elevvestibyla. Her vil de og treffe rådgjevarar, avdelingsleiarar og rektor.

Vel møtt. 

Gol vidaregåande skule, hovedinngang - Klikk for stort bildeHovedinngang Gol vgs Endre Ulsaker