VOV Hallingdal (vidaregåande opplæring for vaksne)

VOV Hallingdal er det fylkeskommunale vaksenopplæringssenteret for Hallingdal, og er lokalisert på Hallingdal karrieresenter Me gjennomfører realkompetansevurderingar opp mot læreplanar i vidaregåande skule, legg til rette undervisningsopplegg for vaksne med rett til vidaregåande opplæring (vaksne som fyller 25 år i løpet av kalenderåret, og tidlegare ikkje har teke vidaregåande opplæring som har ført fram til fag/sveinebrev eller generell studiekompetanse). VOV Hallingdal tilbyr og tilrettelegg også kurs for næringslivet i Hallingdal.

Ynskjer du å vite meir, tar du kontakt med:

VOV Hallingdal
Gol vidaregåande skule
3550 Gol

Tlf: 31 00 32 00

E-post: torhildb@bfk.no

Kva skjer når du tar kontakt

Etter at du har tatt kontakt med VOV, må du sjølv søkje opplæring på vigo.no Det er viktig at all tidlegare skolegang, arbeidserfaring og erfaring frå organisasjonsliv og liknande vert dokumentert gjennom kopiar av vitnemål, attestar og kursbevis. Med utgangspunkt i innsendt dokumentasjon vert det gjort eit enkeltvedtak på om du har rett eller ikkje rett til vidaregåande opplæring/realkompetansevurdering.  Dersom du har rett til vidaregåande utdanning/realkompetansevurdering, vert du innkalla til ei rettleiingssamtale der vidare framdrift vert planlagt. 

Krav og moglegheiter

Alle som ynskjer vidaregåande opplæring må ha fullført grunnskole. Minoritetsspråklege må i tillegg til grunnskule legge ved kopi av godkjend opphaldsløyve. Er grunnskolen frå heimlandet, må dei ha bestått norskprøve 3 både munnleg og skriftleg. Opplæringa skal ha som mål å føra fram til fag/sveinebrev eller generell studiekompetanse. 

Realkompetansevurdering

Realkompetansevurdering vil sei at den kompetansen ein vaksen person har tileigna seg gjennom arbeidsliv og livserfaring, blir vurdert opp mot fag/opplæringsløp i læreplanane for den vidaregåande skulen.  Kartlegging og innsendt dokumentasjon dannar grunnlag for vurderinga. En fagperson med god kunnskap i faget/læreplanen gjennomfører vurderinga, og kan dersom kandidaten har dei kunnskapane læreplanen krev, få godkjent fellesfag/programfag  og  i nokre tilfelle hele opplæringsløpet.  Tilbod om realkompetansevurdering vert gitt ein gong. 

Opplæringstilbod

I yrkesgrupper som høyrer heime under Helse- og sosialfag vert det ofte gitt tilbod om klasseundervisning.  Helsearbeidarfag (tidlegare hjelpepleiar) er eit slikt døme. I andre opplæringsløp vil ein få ein individuell opplæringsplan som tar utgangspunkt i gjennomført realkompetansevurdering. 

Personar som ikkje har vaksenrett

Personar utan vaksenrett kan og verta realkompetansevurdert, men må då dekkje utgiftene til vurderinga sjølve.  På same måte kan dei og få opplæring dersom utgiftene vert dekka av til dømes NAV eller arbeidsgjevar.  Vaksne utan rett vil kunne oppsøke VOV for å få rettleiing utan at det medfører nokon kostnad.