Alle vil få høve til samtale med kontaktlærar og faglærarar denne kvelden.
Det blir sendt ut SMS med lenke til eit svarskjema med svarfrist 6.januar, der me ber om at de gir tilbakemelding på om de kjem eller ikkje, og kven de ønsker å ha samtale med.
Tidsramma for foreldresamtalene er mellom kl. 18:00 og 21:30. De vil, når vi har fått beskjed om kor mange som ønsker samtale, bli sett opp på ei fast møtetid med kontaktlærar og faglærarar. Denne oversikta vil de få i slutten av veke 2.
Gi beskjed kva for tidspunkt som passar best å ha samtale på, så vil vi prøve å tilpasse dette.
Fellesorientering ved rådgjevarane på skulen tysdag 14.januar
Informasjon om studie- og yrkesorienteringa, og kvar ein kan finne meir informasjon om dette. Orienteringa blir gitt kl. 19.00 på personalrommet i 2. etasje. Orienteringa varer ca 30 min.
Vi serverer kaffi/te på personalrommet. Her vil de kunne få ei uformell samtale med andre foreldre, leiing og rådgjevarar.