Foreldremøte for VG1 tysdag 8.september 2026
Gol vidaregåande skule ynskjer å få til eit godt samarbeid mellom skule og heim og inviterer til foreldremøte for Vg1 tysdag 8.september kl 18.00
Gol vidaregåande skule
Ole Petter Espe
Tid: Tysdag 8.september kl. 18.00
Felles oppmøte i midtsalen på Gol samfunnshus.
I dette fyrste møtet vil de få treffe kontaktlærar, rådgjevarar og skuleleiinga. Det neste møtet er tidleg i desember, og her vil de få treffe både kontaktlærar og lærarane i dei ulike faga.
Ver vennleg å ta kontakt med skulen på førehand om de har behov for tolketeneste.
Fellesprogram:
- Velkomst v/rektor
- Presentasjon av leiinga, rådgjevartenesta og kontaktlærarar
Etter fellesinformasjonen i midtsalen, vil foreldremøtet fortsette klassevis med kontaktlærar:
| Klasse | Rom | Kontaktlærar |
| 1RMA | 208 | Kari Eidsgaard |
| 1IDA | 217 | Jonas Rosten Jan-Eirik Thorberg |
| 1STA | 204 | Heidi M Rukke Hege Dale Martinussen |
| 1STB | 206 | Stian Sannes Tone Dokken |
| 1STC | 213 | Truls Magnussen Marte Sofie Nilsen Møllevold |
Klassevis orientering v/kontaktlærar:
- Teams
- InSchool
- Årsplan og arbeidsplanar i fag
- Læringsmiljø – klassereglar
- Elevsamtale og fagsamtale
- Fråvær
Vel møtt!
Invitasjonen til foreldremøtet finn du her (DOCX, 34 kB)
Publisert av Gunn Birgit Magnussen
Publisert 26.08.2026 09.30
Sist endret 26.08.2026 09.32