Vi ber difor om at de gir tilbakemelding via Formsskjema mottatt på SMS, om de kjem eller ikkje, og kven de ønsker å ha samtale med.
Tidsramma for foreldresamtalene er mellom kl. 18:00 og 21:30.
De vil, når vi har fått beskjed om kor mange som ønsker samtale, bli sett opp på ei fast møtetid med kontaktlærar og faglærarar. Denne oversikta vil de få i slutten av veke 48. Gi beskjed kva for tidspunkt som passar best å ha samtale på, så vil vi prøve å tilpasse dette.
Dersom det skulle vera nokon faglærarar de ikkje får snakka med, ber vi om at de tek kontakt med skulen seinare, slik at vi kan få organisert dette på eit anna tidspunkt.
Foreldra til elevar i 1STA og 1STB vil få ein generell informasjon om val av programfag kl 19.00 i KANTINA.
Rådgjevarane vil gjerne snakke med foreldre som har elevar med planar om å ta vg2 som utvekslingselev i utlandet. Dette vert rett etter info om programfag og gjeld elevar frå studieførebuande programområde (ST, ID).
Vi serverer kaffi/te og pepperkaker i elevvestibyla. Her vil de og treffe rådgjevarar, avdelingsleiarar og rektor.
Vel møtt.
Hovedinngang Gol vgs
Endre Ulsaker