Foreldremøte for VG1 tysdag 3.september 2024
Gol vidaregåande skule ynskjer å få til eit godt samarbeid mellom skule og heim. Foreldre og føresette er svært viktige støttespelarar i arbeidet med å leggje til rette for trivsel, læring og utvikling hjå elevane. Vi inviterer difor til foreldremøte for Vg1.
Gol vidaregåande skule
Ole Petter Espe
Tid: Tysdag 3.september kl. 18.00
Felles oppmøte i midtsalen på Gol samfunnshus.
I dette fyrste møtet vil de få treffe kontaktlærar, rådgjevarar og skuleleiinga. Det neste møtet er tidleg i desember, og her vil de få treffe både kontaktlærar og lærarane i dei ulike faga.
Fellesprogram:
- Velkomst v/rektor
- Presentasjon av leiinga, rådgjevartenesta og kontaktlærarar
Etter fellesinformasjonen i midtsalen, vil foreldremøtet fortsette klassevis med kontaktlærar:
Klasse | Rom | Kontaktlærar |
1RMA | Spisesal | Rune Hellevik |
1IDA | 024 | Gro Molde Lappegard Marte Bondevik |
1STA | 204 | Truls Magnussen Marianne Brekke |
1STB | 206 | Stian Sannes Anders Risstubben |
1STC | 213 | Mari Woxen Thoen Hege Dale Martinussen |
Klassevis orientering v/kontaktlærar:
- Teams
- Visma inSchool
- Årsplanar og planar i dei einskilde faga
- Læringsmiljø – klassereglar
- Elevsamtale og fagsamtale
- Fråvær
Vel møtt!
Invitasjonen til foreldremøtet finn du her (PDF, 164 kB)
Publisert av Gunn Birgit Magnussen
Publisert 23.08.2024 14.42
Sist endret 25.09.2024 10.17