Velkomen til elev- og foreldresamtaler for Vg2

Onsdag 3. desember kl 18.00 - 21.30 er det elev- og foreldresamtale for VG2.

Gol vidaregåande skule, fasade mot aust - Klikk for stort bildeGol vidaregåande skule Endre Ulsaker

Alle vil få høve til samtale med kontaktlærar og faglærarar denne kvelden.
Vi ber difor om at de gir tilbakemelding via Formsskjema mottatt på SMS, om de kjem eller ikkje, og kven de ønsker å ha samtale med. 
Tidsramma for foreldresamtalene er mellom kl. 18:00 og 21:30.  De vil, når vi har fått beskjed om kor mange som ønsker samtale, bli sett opp på ei fast møtetid med kontaktlærar og faglærarar. Denne oversikta vil de få i slutten av veke 48. Gi beskjed kva for tidspunkt som passar best å ha samtale på, så vil vi prøve å tilpasse dette.

Fellesorientering ved rådgjevarane på skulen onsdag 3.desember
Informasjon om studie- og yrkesorienteringa, og kvar ein kan finne meir informasjon om dette. Orienteringa blir gitt kl. 19.00 på personalrommet i 2. etasje. Orienteringa varer ca 30 min.    

Vi serverer kaffi/te og peparkaker på personalrommet. Her vil de kunne få ei uformell samtale med andre foreldre, leiing og rådgjevarar. 

Oversikt over rom og kontaktlærar 3.desember 2025
KlasseRomKontaktlærarE-post
2STA216 ReineskarvetHalvor Knaldrehalvork@bfk.no
2STA225b grupperomAnders Risstubbenandersr@bfk.no
2STB218 HallingskarvetGunhild S Jensengunhildj@bfk.no
2STB225a grupperomHege D Martinussenhegema@bfk.no
2IDA026Gro M Lappegardgrol@bfk.no