24/2024 Spørsmål fra Njål Vigleik Grene-Johnsen (SV) om kjeveortopedi/ tannreguleringstilbodet i Buskerud

  • Dato innsendt: 
  • Dato besvart: 01.06.2024

- Har fylkeskommunen oversikt over kva for privatpraktiserande spesialistar innan kjeveortopedi som har tilbod i Buskerud, og er det kontakt ved nyetableringar for å sikre at tilbod også vert etablert på andre stader enn i sentrale strøk?

- Har fylkeskommunen i dag avtale med kjeveortopedar, kven er dei og kor er dei i så fall lokalisert? Og kva for pasientar er det som skal bruke denne tenesta? 

- I Nordland hadde dei eit prosjekt der de tilsette kjeveortopedar i den offentlege tannhelsetenesta for å sikre at barn og unge i distriktet også fekk tilgang til tannregulering, er noko tilsvarande vore forsøkt i Buskerud?

- Viss ein skulle etablert eit kjeveortopedisk tilbod i offentleg regi, kor ville det vore naturlig å starte eit slikt forsøk?

- Har fylkeskommunen oversikt over prisane og kvaliteten på det kjeveortopediske tilbodet i Buskerud?

- Kven fører tilsyn med den kjeveortopediske behandlinga i fylket?

Fylkeskommunedirektøren sitt svar:

Fylkeskommunen kan ikkje påverke kvar privatpraktiserande spesialistar innan kjeveortopedi etablerer seg. Dette er eit fagområde, og ein teneste, som er prega av marknadsregulering i Buskerud og landet elles. Fylkeskommunen har ikkje moglegheit til å anbefale ein kjeveortoped framfor ein annan.

Buskerud fylkeskommune har ingen avtaler med kjeveortopedar.

Fylkeskommunen har ikkje et slikt prosjekt i Buskerud fylkeskommune. Tannhelsetenesta i tidlegare Buskerud fylkeskommune hadde fram til Vikensamanslåinga ein kjeveortopedisk klinikk på Hokksund som då vart avvikla. Det er vår oppfatning at det ikkje er dei same utfordringane i Buskerud, som i Nordland, med å rekruttera kjeveortopedar.

Fylkeskommunedirektøren vurderer at det per no ikkje er aktuelt å etablere eit slik tilbod no i offentleg regi.

Når det gjeld oversikt over prisane og kvalitet på det kjeveortopediske tilbodet i Buskerud har ikkje Buskerud fylkeskommune moglegheit til å overvake dette, og som nemnt over, er dette tenester som er prega av marknadsregulering i Buskerud som i landet elles.

Statsforvaltaren fører tilsyn med helse- og omsorgstenester i fylket, og med alt helsepersonell og annet personell som yter helse- og omsorgstenester. Deira tilsyn er basert på klager frå pasientar eller frå andre aktørar i helseteneste som melder inn bekymring. Statsforvaltaren kan påpeike brot på pliktar og gi rettleiing til helsepersonell og verksemder. Dersom det vert landsomfattande tilsyn i ein helseteneste, er det Helsetilsynet som utfører det.